RETT ETTER NORSK LOV. FOR ALLE NETTSTADER.
Cookie-samtykke som er rett etter norsk lov. Ut av boksen.
Samtykkr gir deg eit cookie-samtykke som er gyldig etter ekomlova § 3-15 og GDPR. Bokmål og nynorsk, Google Consent Mode v2, inga sporing før samtykke. Installer på fem minutt.
Gratis kjerne. Du treng ingen konto.
Funkar på alle nettstader. WordPress er berre enklast.
Dei fleste cookie-banner i Noreg er ulovlege. Ofte utan at eigaren veit det.
Sidan 1. januar 2025 krev ekomlova § 3-15 eit samtykke som er gyldig etter GDPR. Datatilsynet og Nkom held tilsyn med reglane saman. Dei vanlegaste feila er enkle å gjere: sporingsskript lastar før brukaren har samtykt, avvis-knappen blir gøymd bak innstillingar, eller godta er ein stor grøn knapp medan avvis er ei grå lenkje. Kvar av desse gjer samtykket ugyldig.
Rett som standard. Ingenting å konfigurere feil.
Avvis og godta likestilte
Begge i første lag, lik storleik og kontrast, slik Datatilsynet krev.
Inga sporing før samtykke
Consent Mode v2 står på denied til brukaren vel. Google, Meta og andre ventar.
Spesifikt samtykke
Eiga avkryssing per formål, inga førehandsavkryssing.
Trekk tilbake når som helst
Fast knapp for å endre valet, og samtykkelogg som bevis.
Universelt utforma
Banneret følgjer WCAG, så det oppfyller òg krava frå uu-tilsynet. Tastaturvennleg og tilgjengeleg.
Slik ser det ut.
Banneret er lett, blir lese klient-side og bryt ikkje cache eller Core Web Vitals. Samtykkedataene blir lagra på din eigen nettstad, ikkje i ein sky i utlandet.
Vi bryr oss om personvernet ditt
Vi brukar ein nødvendig informasjonskapsel for å hugse valet ditt. Med ditt samtykke kan vi òg bruke statistikk. Du kan godta, avvise, eller velje sjølv.
Gratis mot Pro
Gratis
- Banner med lov-korrekte standardar
- Fire kategoriar
- Google Consent Mode v2
- Bokmål og nynorsk
- Lokal samtykkelogg
- Autogenerert cookie-erklæring
- 1 nettstad
Pro
- Alt i Gratis
- Personvern og cookies som lesbare dokument rett i banneret
- Skannar som finn sporarar
- Kjøpsvilkår-mal for nettbutikkar
- Ferdige personvern-, cookie- og vilkårssider (eitt klikk)
- Automatiske sporar- og regeloppdateringar
- Audit-rapport for dokumentasjon
- Sentral styring av fleire nettstader frå skydashbordet
- E-poststøtte
Funkar på alle nettstader
Samtykkr er ikkje låst til WordPress. Brukar du WordPress, installerer du pluginen. På alle andre nettstader limer du inn éi kodelinje. Same lov-korrekte banner uansett.
WordPress
Installer pluginen frå WordPress.org, fullfør vegvisaren, og banneret er på plass. Den enklaste vegen, og kjernen er gratis.
Last ned pluginAlle andre nettstader
Lim inn éi linje i <head>. Banneret blir rendra, lagrar samtykket lokalt hos den besøkjande, og ingenting om besøkjande blir sendt til oss. Ein del av Pro.
- Shopify
- Wix
- Squarespace
- Webflow
- Eigenutvikla sider
Byrå
For byrå: heile porteføljen frå eitt dashbord
Driftar du mange kundar? Styr alle nettstadene frå skydashbordet på app.samtykkr.no, utan å logge inn på kvar einskild WordPress. Installer, set opp, og kontroller alt sentralt.
- Éin lisens og nøkkel for heile porteføljen (25, 50 eller fleire nettstader).
- Per kunde: farge, tema, posisjon, språk og firmaprofil, sett sentralt.
- Personvern, cookies og kjøpsvilkår per kunde, klart for footeren.
- Status, samtykke-tal og audit for alle nettstader, samla på éin stad.
- White-label: ditt eige merke på banneret.
Prisar
Alle prisar eks. mva, per år, med support og oppdateringar. Fleire enn 25 nettstader eller eigne behov? Kontakt oss. Betaling via Stripe. Northflow er fakturerande part.
Spørsmål og svar
Blir nettstaden min garantert lovleg?+
Samtykkr gir deg ei samtykkeløysing som er korrekt etter ekomlova § 3-15 og rettleiinga frå Datatilsynet. Ansvaret for at heile nettstaden er i samsvar ligg hos deg som eigar, og kjem an på rett oppsett og kva tenester nettstaden brukar. Samtykkr gjer samtykket rett, og hjelper deg å få resten på plass.
Er Samtykkr ein Google-sertifisert CMP?+
Samtykkr implementerer Google Consent Mode v2 direkte, noko som er rett for nettstader som brukar analyse og annonsering som annonsør, altså dei aller fleste norske bedriftssider. Nettstader som driv programmatisk annonsesal via Google AdSense eller Ad Manager treng ein Google-sertifisert CMP med IAB TCF, som Samtykkr førebels ikkje tilbyr.
Støttar de Google Consent Mode v2?+
Ja. Standarden er denied for alle kategoriar, og blir oppdatert når brukaren samtykkjer. Vi køyrer Basic mode, som ikkje sender data til Google før samtykke.
Bokmål og nynorsk?+
Ja, begge, med engelsk som reserve. Banneret og innstillingane finst på alle tre.
Fungerer det med caching og page buildarar?+
Ja. Banneret er lett og blir lese klient-side, så det bryt ikkje cache eller Core Web Vitals, og fungerer med WP Rocket, LiteSpeed og vanlege page buildarar.
Kva med andre nettstader enn WordPress?+
Samtykkr funkar på alle nettstader. På Shopify, Wix, Squarespace, Webflow og eigenutvikla sider limer du inn éi kodelinje i sidehovudet, så blir det same lov-korrekte banneret rendra. Kodelinja er ein del av Pro. Sjå sida Utan WordPress for oppskrifta.
Kvar blir samtykkedataene lagra?+
På din eigen nettstad. På WordPress ligg samtykkeloggen i din eigen database. På andre plattformar (utan WordPress) blir samtykket lagra lokalt hos den besøkande. Uansett ikkje hos oss eller i ein sky i utlandet. Pro kan eksportere ein audit-rapport for dokumentasjon.