Utan WordPress
Lovleg cookie-banner på alle nettstader
Du treng ikkje WordPress for å bruke Samtykkr. På alle andre nettstader limer du inn éi kodelinje i sidehovudet, så blir det same lov-korrekte banneret rendra: Consent Mode v2 denied som standard, likestilt Godta og Avvis, og sporing blir halden tilbake til den besøkjande har valt. Valet blir lagra hos den besøkjande, og vi tel berre talet på val per dag.
Kodelinja du legg øvst i <head>:
<script src="https://app.samtykkr.no/v1/loader.js?site=DIN-NOKKEL"></script>Byt ut DIN-NOKKEL med den offentlege nøkkelen du får i kundeområdet på app.samtykkr.no. Linja må stå før alle andre script og utan async, elles rekk ho ikkje å stoppe sporing. Script som står fast i HTML-en, køyrer ikkje og set ingen cookies før samtykke, men nettlesaren kan hente fila på førehand. Vil du stoppe også det, gir du taggen type='text/plain' og data-nf-consent='statistics' eller 'marketing'. Stilark, som Google Fonts, kan ikkje merkast slik, så der må du sjølvhoste eller laste dei etter samtykke. Det same gjeld sporingspikslar i eit bilete. Sida ventar på denne fila før ho blir vist. Er vi trege, svarer vi med eit standardbanner, men er vi heilt nede, ventar sida til nettlesaren gir opp. Vil du at sida aldri skal vente, behald async, men då kan sporing starte før blokkeringa.
Slik gjer du det
- 1Kjøp ein plan på app.samtykkr.no. Kodelinja er ein del av Pro.
- 2Legg til nettstaden i kundeområdet og kopier kodelinja med din eigen nøkkel.
- 3Lim kodelinja inn øvst i <head> på nettstaden din, før alle andre script.
Plattformer
Kodelinja funkar overalt der du kan leggje til ei linje i sidehovudet, mellom anna:
- Shopify
- Wix
- Squarespace
- Webflow
- Eigenutvikla sider
Personvern innebygd
Banneret lagrar valet til den besøkjande på deira eiga eining. Banneret blir henta frå skya vår, så leverandøren vår ser IP-adressa når fila blir lasta, slik alle nettenester gjer. Vi lagrar ingenting om den enkelte besøkjande, berre talet på val per dag. Banner og reglar er dei same som i WordPress-pluginen. Skilnaden er at du ikkje får ein samtykkelogg på eigen server, for han krev WordPress.
Klar til å begynne?